Torjusgutt

Wednesday, August 03, 2005

 

Eg gjev opp!

Dette går ikkje lenger! Eg vil heller kle meg naken, risast med piggtråd og la mitt rosa legeme rullast i grovsalt, enn å kaste bort meir tid på blogging. Eg har då for faen anna å gjere! Korleis kan eg tillate meg å sitje her og trykkje ut av meg halvlunkne ekskrement når det finst så mykje eg absolutt burde ha vore i gong med!

Kva slags menneske er dei eigentleg, dei som brukar all si fritid på å sitje føre ein dataskjerm og synse om ting dei ikkje veit så mykje om uansett, eller gulpe opp posør-kontroversielle politiske standpunkt? Eg vonar dei dør føre trikken.

Og du, ditt meiningslause vetle krek, ditt evolusjonære feilsteg som allereie har misbrukt av di tilmålte tid på å lese denne hatske posten, vert sikkert glad for denne erklæringa: EG GJEV OPP! EG GJEV MEG MED HEILE DENNE FORPULTE BLOGGEN! ALDRI MEIR VIL EG LA MIN SÅRT TILTRENGTE HARME RENNE NEDOVER INTERNETT-SIDA http://torjusgutt.blogspot.com SOM NYTAPPA BLOD OG NYSKORNE TARMAR FRÅ RETTVIST NEDSLAKTA VANTRU! Eg ville heller ha brukt resten av mitt liv til å sitje innandørs og onanere til TV Norge-reprisene enn å spytte meg sjølv i andletet ved å bruke timane på dette meiningslause miget!

 

Satans bortkasta tid

Mama, har eg allereie brukt ein heil time av mitt liv på å lage denne redningslause og retningslause bloggen? Ein time som eg aldri, aldri får att. Du tjukkaste kukk-satan i suraste mugg-fitte-helvete. What a waste.

 

Døv layout til døv, døv blogg

Satan, for ein keisam template eg har valgt på denne bloggen! Og det er eg faen så nøgd med, for dette er ein satan så keisam blogg. Nett som denne bloggen. Og denne bloggen. Og denne bloggen. Og dei fleste forpulte bloggar som finst der ute. Jesus, bloggar er boring. Det einaste positive eg kan komme på å sei om eit så sjeledrepande fenomen som blogging, er at sytete og psykopatiske menneske kan få utløp for sine skuggemørkaste sider ved å velte sin edder og galle over stakkarar som av ein eller annan latterleg grunn ikkje er åndsfriske nok til heller å bruke tida på å vere ute i friluft, kaste frisbee eller få seg eit ligg.

 

Blogg schmogg

Dette er den første posten eg skriv i bloggen min, og Herregud så keisamt det allereie er. Eg har jo ingenting å melde! Eg lever trass alt eit ufatteleg keisamt liv, eit heilt vanleg døllt A4-student-liv med vener, pugging og Xbox - kven er eg til å tru at eg er interessant nok til å plage resten av verda med mine høgst ordinære tankar og opplevingar? Nei, herre min hatt, eg burde sanneleg finne noko anna som var meir fruktbart og spanande å kaste bort tida mi på.

Archives

August 2005  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?