Dette går ikkje lenger! Eg vil heller kle meg naken, risast med piggtråd og la mitt rosa legeme rullast i grovsalt, enn å kaste bort meir tid på blogging. Eg har då for faen anna å gjere! Korleis kan eg tillate meg å sitje her og trykkje ut av meg halvlunkne ekskrement når det finst så mykje eg absolutt burde ha vore i gong med!
Kva slags menneske er dei eigentleg, dei som brukar all si fritid på å sitje føre ein dataskjerm og synse om ting dei ikkje veit så mykje om uansett, eller gulpe opp posør-kontroversielle politiske standpunkt? Eg vonar dei dør føre trikken.
Og du, ditt meiningslause vetle krek, ditt evolusjonære feilsteg som allereie har misbrukt av
di tilmålte tid på å lese denne hatske posten, vert sikkert glad for denne erklæringa: EG GJEV OPP! EG GJEV MEG MED HEILE DENNE FORPULTE BLOGGEN! ALDRI MEIR VIL EG LA MIN SÅRT TILTRENGTE HARME RENNE NEDOVER INTERNETT-SIDA
http://torjusgutt.blogspot.com SOM NYTAPPA BLOD OG NYSKORNE TARMAR FRÅ RETTVIST NEDSLAKTA VANTRU! Eg ville heller ha brukt resten av mitt liv til å sitje innandørs og onanere til TV Norge-reprisene enn å spytte meg sjølv i andletet ved å bruke timane på dette meiningslause miget!